Ledig stilling som tannlege

Vi har to ledige stillingar som tannlege, den eine frå 1. desember 2023, og den andre frå sommaren 2024. Du må vere ein god lagspelar, fagleg dyktig og engasjert, og kunne møte pasientane på ein trygg og omsorgsfull måte.

Vår pasientbehandling legg stor vekt på etisk tannbehandling, at den enkelte pasient skal få ei god oppleving, og at alle får den beste behandlinga, utifrå sine ønske og behov.

Vi er ein fagleg sterk klinikk i vekst med fire tannlegar, periodontist, oralkirurg, og med topp moderne utstyr frå Sirona (mellom anna intraoral scanner, Cerec og CBCT). Klinikken har nye og lyse lokaler i regionssenteret Dragsund, berre 10-20 minutt frå sentrum i dei fem kommunene rundt.

I denne vekstkraftige regionen, som vi kallar Søre Sunnmøre, bur det til saman 55.000 mennesker. Klinikken ligg midt i det maritime clusteret, som er det største industriklusteret i Norge. Her er det eit mylder av internasjonale bedrifter innan rederi (offshore, fiskeri, cruise, vind, aquakultur), fiskeforedling, industri, utstyrsproduksjon, design og skipsverft. Vi har også høgskular og sjukehus. Hos oss kan du kombinere ein spennande og utfordrande jobb med alt det spektakulære sunnmørsnaturen byr på, med holmar, skjer, fiskerike fjorder og fantastiske fjell med skisport av alle slag, heilt innpå livet!

Søknad kan sendast til Idunn Dyrhaug Voldnes, idunn@sanaoris.no.
Søknadsfrist: Snarast

Andre aktuelle saker