Tannlegeskrekk

Tannlegeskrekk, eller odontofobi, er angst for å gå til tannlegen. Undersøkingar tyder på at 5 til 10 % av den vaksne befolkninga i Noreg unnlét å gå regelmessig til tannlegen grunna dette.

Kva kjem tannlegeskrekk av?

Årsaka til tannlegeskrekk vil variere, men vanlege utløysande faktorar kan vere boring, sprøyter, lukt eller lyd. Angsten kan òg vere knytt til ei smertefull oppleving ved ei tidlegare tannbehandling eller berre totalopplevinga i seg sjølv. Det er heller ikkje alle som er klar over årsaka sjølv til kvifor ein har utvikla tannlegeskrekk. Fellesnemnaren er likevel ofte ein redsel for å bli utsett for smerter og å ikkje ha kontroll over situasjonen.

Tannlegeskrekkens onde sirkel

Tannlegeskrekk fører dessverre ofte til at vedkomande hamnar i ein ond sirkel. Grunna redselen oppsøker ein ikkje tannbehandling. Det vil kunne føre til dårlege tenner og stort behandlingsbehov. Etter ei tid vil det kunne bli smerter og problem med å tygge. I tillegg veit vi at det å ha store problem med tennene og/eller manglande tenner kan gi eller forsterke psykiske eller psykososiale problem. Personar med tannlegeskrekk er ofte klar over sin eigen situasjon og opplever sterk skam over dette. Skammen vil kunne forsterke tannlegeskrekken fordi ein er engsteleg for å la tannlege få sjå tannstatus og redd for å få dårlege nyheiter om til dømes fleire hol i tennene og store kostnader. På denne måten blir ein fanga i ein ond sirkel.

Bli kvitt tannlegeskrekken!

Vi har lang erfaring i å behandle pasientar med tannlegeskrekk. To av tannlegane hos oss er spesielt utdanna for slik type behandling. I løpet av året vil vi også kunne tilby hypnose som ein del av behandlinga av dette. Tolmodigheit og tid vil likevel vere sentrale faktorar når det skal opparbeidast tillit mellom pasient og tannlege, noko som er spesielt viktig i behandling av tannlegeskrekk.

Eg sende ein henvendelse via Facebook-melding, fordi det var så lett tilgjengelig. Eg følte eg vart godt tatt i mot med ein gong. I første behandling fekk ho ikkje gjere noko, ikkje sjå på tennene mine med speil eingong, og no 1 1/2 år seinare gjorde vi ferdig ei rotfylling utan bedøvelse! Heilt utruleg! Idunn har vore heilt fantastisk, og no går eg regelmessig for å holde det ved like!
– Christian 36

 

Bestill tannlegetime