Implantat, kroner og bruer

Krone

Dersom ei tann har lite tannsubstans igjen, og/eller mange store fyllingar, vil det som oftast vere ei god løysing å lage krone på tanna (implantat, kroner og bruer). Du får då ei krone som er tilpassa tanna som er igjen, og kjeven din. For oss er det viktig å lage nye tenner som ser naturlege ut!

Vi kan lage heilkeramisk krone til deg på dagen! Det betyr at du kan kome til time om morgonen, slipe og scanne kjevane, så 3D freser vi krona, «maler» krona så den får ein naturleg utsjånad. Du får time på ettermiddagen for sementering av den nye krona! Når vi framstiller krona tek vi utgangspunkt i dei andre tennene og kjeven for å få ei tann som passar heilt perfekt! Vi vel det materialet som passer best til den enkelte tann.

For ei framtann vil vi typisk velge krone med høg estetisk kvalitet, medan vi på ein jeksel ofte vel krone med større styrke. Tenner med mange og store, gamle fyllingar, vil ofte få mykje betre langtidsprognose om vi lagar krone på dei. Og ved å bruke denne nye teknologien, unngår vi ein omfattande manuell prosess, og  vi får nøyaktig tilpassa, naturtro og sterke kroner på dagen!

Bru

Dersom du manglar ei eller fleire tenner kan bru vere eit godt alternativ. Vi brukar då egne tenner på kvar side av mellomrommet som skal tettast som pillartenner. Vi må slipe ned pillartennene, så dersom desse er intakte, vil vi som regel ikkje lage bru. Ei bru kan lagast av ulike materiale, og tannlege vil i samråd med deg avgjere kva som passa best i ditt tilfelle.

Implantat

Om ein manglar ei eller fleire tenner, er det ofte eit godt alternativ å sette inn eit implantat. Ein erstattar då dei tennene ein ønsker, utan å slipe på nabotenner! Dette er særleg aktuelt dersom nabotennene ikkje har fyllinger. Implantatbehandling gir deg faste tenner som kjennest ut som dine eigne! Behandlinga går vanlegvis over nokre månader, fordi det er viktig å la implantatet gro godt fast i beinet før vi lagar sjølve tanna som skal oppå. Dersom ein manglar alle tennene er ei bru festa på implantat ofte ei svært god behandling, fordi tennene sit heilt fast.

Ved implantatbehandling vil det ofte vere nødvendig med ei CT skanning av kjeven. Vi framstiller då ein 3D modell av ansiktet. Denne modellen gir oss heilt presis informasjon om kjeven. Det gjer at vi i stor grad kan unngå unødvendige operasjoner, der ein tidlegare av og til åpna kjeven for å undersøke kjeveforhold. Dette gir oss mykje informasjon om korleis kjevebeinet er. Vi kan då også lage modellar som guider kirurgen til å plassere implantatet på den mest gunstige plasseringa i kjeven. Med dette utstyret får vi ein meir presis og sikker metode for implantatbehandling.

3D modellen bruker vi også til å kommunisere med deg som pasient korleis det endelege resultatet vil bli, fordi vi kan simulere det endelege resultatet med tenner på plass. Dette gjer informasjonen mellom tannlege og pasient mykje enklare!

Straumann implantatsystem

Vi brukar fortrinnsvis Straumann implantatsystem, som er eit av verdas best dokumenterte og anerkjente system. Men om det er behov/ønske, kan vi også bruke andre implantatsystem, men kun dei som er anerkjente og veldokumenterte.

Alle desse behandlingene ovanfor krev vedlikehold og etterkontrollar. Om du gjer denne typen behandling i utlandet kan vi gjere etterkontrollar. Men om det blir nødvendig med vedlikehold utover det, må du som oftast ta kontakt med den tannlegen som utførte arbeidet. Dette er etter anbefaling frå Tannlegeforeningen.

Om Sana Oris

Vårt team gir deg god behandling i ny og lys klinikk med topp moderne utstyr! Uansett behov; vi tek hand om tannhelsa di. Hos oss skal du få ei god oppleving! Vi bryr oss om helsa di:)

Kontakt oss

Bestill tannlegetime