tanntrekking tannlege Herøy, Ulsteinvik, Hareid, Larsnes, Vanylven, Fiskå

Tanntrekking

Av og til må ei eller fleire tenner fjernast. Dette er som oftast eit enkelt inngrep, men i vanskelige tilfelle må vi gjere eit kirurgisk inngrep for å fjerne tanna. Du får informasjon undervegs om kva vi må gjere, og kvifor det blir slik. I enkelte spesielle tilfelle henviser vi til kjevekirurg, dette vurderar vi individuelt.

Praktiske råd etter ekstraksjon. Det er vanleg å ha smerter etter ein tannekstraksjon. Det blir også rekna som normalt å bli hoven, og blå/gul i huda.

 

Men dersom du i tillegg til smerter og hevelse også får generell sjukdomsfølelse i kroppen, tek du kontakt med oss snarast. Dersom det er helg eller ferie, og du ikkje får tak i oss, så kan legevakta hjelpe deg.

 

Dersom du følger desse råda, reduserar du risikoen for infeksjon etter tanntrekking:

  • fjerne evt bitekompress etter 20 min
  • ikkje ete, drikke eller skylle munnen dei første tre timane
  • ikkje røyke dei første 3 timane
  • ved smerter etter at lokalbedivinga er gått ut, ta f. eks 2x 500 mg Paracet
  • unngå hard fysisk aktivitet i 2-3 dagar
  • skyll med corsodyl munnskyllevæske morgon og kveld i ca 1 veke

 

Andre behandlingar