Ynskjer du å bli ein av oss?

Ta kontakt tidleg! Sana Oris er i sterk vekst og vurderer kontinuerleg å tilsette tannlegar, tannpleiar, spesialistar og tannhelsesekretærer. Om du kan tenke deg å bli med på laget vårt, så ønsker vi at du tek kontakt så tidleg som mogleg, enten du er under opplæring eller vurderer å skifte jobb. Ta kontakt direkte med tannlege og dagleg leiar Idunn Dyrhaug Voldnes på idunn@sanaoris.no, så ringer ho deg tilbake for ein hyggeleg prat.

Ledige stillingar

Tannlege 1   frå 1. desember 2023,         Søknadsfrist: Snarast

Tannlege 2   frå 1. Sommaren 2024,        Søknadsfrist: Vi ønsker kontakt tidleg

Du må vere ein god lagspelar, fagleg dyktig og engasjert, og kunne møte pasientane på ein trygg og omsorgsfull måte.

Søknad kan sendast til Idunn Dyrhaug Voldnes, idunn@sanaoris.no.

 

 

Vi er ein fagleg sterk klinikk i vekst med fire tannlegar, periodontist, oralkirurg, og med topp moderne utstyr frå Sirona (mellom anna intraoral scanner, Cerec og CBCT). Sana Oris er ein god plass for nyutdanna der dei får god og trygg støtte i starten av si yrkeskarriere. Klinikken har nye og lyse lokale i regionssenteret Dragsund.

Sana Oris Tannlegesenter er ein frittståande klinikk etablert i Dragsund, ikkje tilknytt noko kjede. Vi set etisk tannbehandling framfor alt anna, og legg vekt på fagleg oppdatering og på å bygge teamet basert på gjennomtenkte grunnverdiar, der pasientens helse, reelle behov, ønske og oppleving, står i sentrum.

Vi er ein fagleg sterk klinikk i vekst med fire tannlegar, periodontist, oralkirurg, og med topp moderne utstyr frå Sirona (mellom anna intraoral scanner, Cerec og CBCT). Sana Oris er ein god plass for nyutdanna der dei får god og trygg støtte i starten av si yrkeskarriere. Klinikken har nye og lyse lokale i regionssenteret Dragsund.

Dragsund ligg sentralt til i regionen med kommunane Ørsta, Volda, Sande, Ulstein, Herøy og Vanylven. I dette området innan 10-25min køyring frå Sana Oris finns det 55.000 menneske med 6 småbyar. Her ligg tyngdepunktet  for den maritime industriklynga i Norge med eit betydeleg mangfald av industri-, aquakultur, fiskeforedling, reiarlag innan offshore, cruise, fiskeri, havbruk, aquakultur, vind etc, Her er fleire skipsverft og eit stort antal internasjonale utstyrsleverandørar, fleire høgskuler og eit sjukehus. Det heile er omkransa av holmar og skjer, fiskerike fjordar og ikkje minst dei fantastiske Sunnmørsalpane, om ein treng rekreasjon