Periodontitt/­gingivitt

Periodontitt er ein kronisk betennelse i vevet rundt tennene. Det tidlege stadiet av sjukdommen heiter gingivitt, og er reversibel. Nyare forsking viser at omtrent 50 % av den norske befolkninga har periodontitt i dag. Periodontitt gir lite symptom i starten og kan difor vere vanskeleg å oppdage. Denne betennelsen kan over tid øydelegge strukturane som held tennene forankra i kjeven slik at dei losnar.

Årsak og risikofaktorer

Gingivitt oppstår når plakk (tannbelegg) ikkje blir fjerna regelmessig. Typiske symptom er dårleg ånde og lettblødande tannkjøt. Dersom gingivitten får stå ubehandla, vil betennelsen kunne trekke seg ned under tannkjøtet og den har då utvikla seg til å bli periodontitt. Det blir danna djupe lommer rundt tennene, og dei mikroskopiske fibrane som held tennene fast i beinet blir øydelagde. Etter kvart kan lommene bli enda djupare, og beinet rundt tennene forsvinn. Tennene vil då bli lause, og det kan bli vanskeleg å tygge mat. I verste fall kan dei bli så lause at dei fell ut av seg sjølve eller at dei må trekkast.

Dårleg tannhygiene er hovudårsaken til periodontitt, men røyking og diabetes er eksempel på andre risikofaktorar. Tannkjøtsjukdomen kan også vere arveleg.

Førebygging og behandling

Gingivitt er ein reversibel tilstand og grundig reingjering er som regel løysinga. Tannpuss morgon og kveld, samt bruk av tanntråd eller tilpassa mellombørste er dei viktigaste forebyggande tiltaka. I tillegg bør ein gå til tannlege eller tannpleiar ved jamne mellomrom for å blant anna fjerne tannstein. Dei same tiltaka gjeld for periodontitt.

Behandling av periodontitt er meir krevjande. Bakteriane og tannsteinen som sit på tann- og rotoverflata vert fjerna ved hjelp av skrapeinstrument og moderne ultralydscaler. I alvorlege tilfelle kan det vere naudsynt å gjere ein “open” djupreins, der ein opnar tannkjøtet kirurgisk for å få betre tilgang og dermed kan fjerne ein del av det betente vevet. På den måten får ein moglegheit til å reinse tanna skikkeleg. I enkelte situasjonar kan ein også gjere eit forsøk på å få tilbake delar av det øydelagde vevet rundt ei tann. Dette heiter regenerasjon.

Om Sana Oris

Vårt team gir deg god behandling i ny og lys klinikk med topp moderne utstyr! Uansett behov; vi tek hand om tannhelsa di. Hos oss skal du få ei god oppleving! Vi bryr oss om helsa di:) Du finn oss også på Facebook.

Kontakt oss

Bestill tannlegetime