Korleis kan du førebygge sjukdom i kjeve og munnhole?

Desse seks grepa kan spare deg for plager og infeksjonar og såleis unødige tannlegekostnadar.

Undersøking hos tannpleiar er ein av fleire tiltak ein kan gjere for å forebygge sjukdom.

6 grep til betre munnhelse

Regelmessige undersøkingar og forebygging (profylakse) bidreg til å redusere risiko for sjukdom i kjeve og munnhola. Munnen har innverknad på heile kroppen. Tannsjukdomar kan difor forårsake smerte, ubehag, livstruande infeksjonar og psykiske lidingar. Vår erfaring er at pasientar med friske tenner også har betre helse- og livskvalitet.

1

Puss, puss, og unngå smuss!

Tenna bør pussast i to minutt kvar morgon og kveld for å fjerne plakk. Tannbørsten bør bytast ut med jamne mellomrom (kvar 3. månad eller etter ein har vore sjuk). Ver obs på at overdriven børsting kan slite ned emaljen. Unngå å skylle eller drikke vatn etter endt tannpuss slik at du ikkje skyller vekk fluoren frå tannkremen.

2

Finn rett storleik på tanntråden

Bruk tanntråd kvar kveld for å fjerne matrestar og belegg mellom tenna. Tanntråden kjem i mange ulike storleikar – Vel ein som glir lett gjennom mellomrommet på tenna dine. For dei med større mellomrom kan mellomromsbørster vere det beste alternativet, då skal ein velje ein storleik som fyller mellomrommet godt og føre den fram og tilbake frå ulike vinklar. Eit tannsett har ofte ulik avstand mellom tennene, då kan det vere lurt å kombinere med ulike storleikar.

3

Ta meir fluor ved kariesproblem

Dei fleste tannkremar i dag inneheld fluor, noko som for dei fleste vaksne vil vere tilstrekkeleg. Enkelte vil likevel ha nytte av fluortilskot. Her finnast det ulike alternativ, som til dømes munnskyll, tyggegummi og sugetablettar tilsett fluor. Om ein er spesielt utsett for karies får ein kjøpt tannkrem med auka fluorinnhald på apoteket – dette i samråd med tannlege.

4

Ver bevisst på matvanene

Eit sunt og balansert kosthald er viktig for ei god tann- og munnhelse. Søt- og syreholdig mat og drikke aukar risikoen for karies og syreskader. Døme på mat- og drikke ein bør moderere er søtsaker, sitrusfrukt, juice, brus, energidrikk og kaffi. Tips: Unngå småsnacking og anna drikke enn vatn mellom måltida, drikk gjerne med sugerør, skyll munnen med vatn og vent helst éin time med å pusse tenner etter du har ete.

5

Vurder røyk- og snusstopp

Røyking og/eller snusing kan påverke munnhelsa di, og aukar sjansen for mellom anna dårleg ånde, misfarging, tannkjøtbetennelse, infeksjonar og kreft i munnhola. Snusbruk kan dessutan føre til forandring i munnslimhinna og at tannkjøtet trekker seg tilbake. Røyking er mellom dei viktigaste risikofaktorane for å utvikle tannkjøtbetennelsen periodontitt. Kor mange sigarettar ein røyker dagleg kan ha stor innverknad på behandling av periodontitt. Nedtrapping og aller helst røykeslutt er avgjerande for best mogleg prognose, og helsa generelt.

6

La tannlegen ta regelmessig undersøking

Det kan løne seg å sjekke tennene regelmessig. I tillegg til at vi undersøker tenner og munnhole og fjernar tannstein, kan vi også hjelpe deg med gode råd og rettleiing om mellom anna munnhygienevaner, kosthald og røyk- og snusslutt.

Finn ut om det er på tide med ein sjekk hos tannlege.