Undersøking/tannpleie

Jamne besøk hos tannlegen er viktig for å bevare ei god munnhelse. Mange sjukdomar i munnhole og kjeve har få eller ingen symptom, eller gir symptom seint i forløpet. Vi anbefaler at ein kjem tidleg i gong med behandling for best mogleg prognose, før problemet blir større og meir omfattande. Det vil også vere økonomisk smart å førebygge framfor å reparere.

Sana Oris har ein kjeve- og ansiktsradiolog på laget, som bidreg til at vi kan gi ei presis diagnose og behandling. Utvida diagnostisering kan vere spesielt viktig ved tannrestaureringar eller der det er smerte og/eller mistanke om patologi i kjeven. Ettersom vi har dette utstyret hos oss slepp vi å vise pasientar til Ålesund for denne forundersøkinga. Dette er tidssparande for alle.

Ei undersøking består typisk av:

  1. Tenner, tannkjøt og slimhinner blir skånsamt og grundig undersøkt.
  2. Det tannlegen ikkje klarer å sjå, sjekkar vi med røntgenbilete. Det er ofte mellom tennene at det blir hol. Vi kan også ta panoramarøntgen, som viser alle tenner, kjeve, biholer og kjeveledd i eitt og same bilete!
  3. Til slutt er det tannsteinsrens, puss og polering av tenner.

Fortel oss om dine forventningar og behov under første tannsjekk, slik at vi saman kan planlegge vidare behandling. Vi tilbyr regelmessig innkalling, og for dei fleste er det nok med éin gong per år, men dette vil bli vurdert individuelt.

Tannlegeskrekk?

Du er ikkje åleine. Vi har brei erfaring på dette området. To av tannlegane hos oss er spesielt utdanna for å kunne hjelpe deg. I løpet av våren 2024 vil vi også kunne tilby hypnose som ein del av behandlinga. Det er også viktig å opparbeide tillit mellom pasient og tannlege, noko som kan ta tid.

Om Sana Oris

Vårt team gir deg god behandling i ny og lys klinikk med topp moderne utstyr! Uansett behov; vi tek hand om tannhelsa di. Hos oss skal du få ei god oppleving! Vi bryr oss om helsa di:)

Kontakt oss

Bestill tannlegetime