Vi søker folk!

Ønsker du å jobbe i eit godt fagleg miljø, med topp moderne utstyr? Vi er i fin vekst og aukar difor staben vår med fleire tannlegar og tannhelsesekretær. Sana Oris Tannklinikk ligg sentralt plassert i regionsenteret Myrvåg, med kort køyretid frå dei nærliggande kommunane Ørsta, Volda, Sande, Ulstein, Herøy og Vanylven. Klinikken vart etablert i 2018 og har vokse raskt til å verte ein stor regional spesialistklinikk.

Tannhelsesekretær

Vi søker deg som er pliktoppfyllande og ansvarsbevisst, og som likar å jobbe tett på menneske. Vi tilbyr god opplæring og eit hektisk og inspirerande fagmiljø. Tenker du at dette er noko for deg, så send søknad og CV til mona@sanaoris.no.

Tannlege

Vi søker deg som er fagleg oppdatert, og som har gode samarbeidsevner. Det beste tilbodet til pasientane får vi når heile tannhelseteamet samarbeider, så vilje og evne til dette er viktig. Du må vere bevisst på di rolle som helsearbeidar, og kunne sjå pasienten sitt behandlingsbehov utifrå der han er i livet. Dette krev ei evne til å kunne løfte blikket utover berre å legge fyllingar når det er behov for det.

Klinikken har opparbeida eit godt omdøme og vi opplever stor lojalitet både frå pasientar og tilsette. Dette stiller krav til oss, men det er også svært givande og trygge rammer å jobbe i. Vårt mål er «frisk munn og naturlege tenner til alle – heile livet». For å etterleve dette har vi etablert spiss kompetanse innan periodonti, oral kirurgi og tannprotetikk i tillegg til tannlegar og tannpleiar. Klinikken har også topp moderne utstyr frå Sirona, med digital scanner, Cerec fres, CBCT for å nemne noko.

Vi arbeider i romslege, lyse og moderne lokale. Vi er eit relativt ungt kollegium, men innehar likevel brei og god erfaring innan tannhelse. Vi har ferdig opparbeida recall-liste og hos oss vil du få mange varierte oppgåver og utfordringar å ta fatt på. Opplæring i bruk av utstyret vil bli gitt.

Høyrest dette spennande ut, så ser vi fram til å høyre frå deg.

Send søknad til idunn@sanaoris.no

Andre aktuelle saker