Informasjon om koronasituasjon

NB! Vi har telefontid mellom kl. 08.30 -14.30.

Vi har fokus kvar dag på at all behandling vi gir skal vere trygtg både for deg og oss, og at vi ikkje bidreg til auka smittespreiing i samfunnet elles. Vi har nokre sjekkpunkt, som vi vil at du som pasient skal ta stilling til før du møter til time.
1. Har du symptom på luftvegsinfeksjon eller andre sjukdomsteikn
2. Er du i karantene, eller bur du ilag med andre som er i karantene?
3. Har du vore på reise i utlandet dei siste 10 dagane ? (gjeld alle land)
4. Er du i heimeisolasjon?
5. Har du vore i nærkontakt med nokon som har Covid-19?
6. Mistenker du sjølv at du har Covid-19?

Dersom du kan svare ja på eitt eller fleire av desse punta, skal du ikkje møte til time. Ring oss på tl 700 88080, så utset vi timen din. Om du likevel har behov for akutt tannlegehjelp. så er det oppretta eigne klinikkar som behandlar pasientar som har Covid-19.

Om du kan svare nei på alle desse punkta, er du velkommen til timen din hos oss. Men vi treng likevel hjelp av deg for å kunne opprettholde smittevernrutinenen våra:
1. Møt presis til timen
2. Hald minst 1 meter avstand til andre på venterommet og i resepsjonen
3. God handhygiene, handdesinfeksjon når du kjem inn på klinikken og når du skal gå
4. Kun oppmøte på klinikken om du har avtalt time. Ring først og gjer avtale
5. Følg alle smittevernråd som gjeld ellers i samfunnet.

Andre aktuelle saker